Fjordutsikt fra Valldal

Folketradisjon og Olavsarven som del av Noreg i 1000 år

Valldal 2029 er Møre og Romsdal fylke sitt bidrag til det nasjonale jubileet Noreg i 1000 år.

I 2029 er det tusen år sidan Olav Haraldsson flykta innover fjordane på Sunnmøre. Ifølgje Snorre sine kongesoger gjekk han i land i Valldal og flykta vidare til fots opp gjennom dalen og over fjellet.

Denne soga har vore fortald i mange generasjonar. Ho lever framleis fordi ho knyter saman historie, stad og menneske.

Foto Hyke Studio

Folkefest i heile Møre og Romsdal

Vi skal også skape folkefest i heile Møre og Romsdal.

Frå 6.–10. juni 2029 inviterer vi store og små til feiring på tvers av bygder og byar.

Målet er å løfte fram det som gjer kvar stad unik, og samstundes kjenne at vi er del av det same fellesskapet.

Siste nyheiter

Kvifor heiter prosjektet Valldal 2029?

Mange spør kvifor prosjektet heiter Valldal 2029, når jubileumssatsinga er ein del av ei større markering i heile Møre og Romsdal. Svaret ligg både i historia, kulturarven og den sterke tilknytinga området har til Olavstradisjonen.
Les meir

Olsok i Valldal - tradisjon, tru og levande forteljingar

Olsok i Valldal er meir enn ei feiring – det er ei levande tradisjon der historie, tru og fellesskap møtest. Med røter tilbake til forteljingane om Olav den Heilage, blir Olsok markert år etter år i bygda.
Les meir

På turnè i Møre og Romsdal

Vi har starta reisa mot 2029 med dei første kommunebesøka i fylket. Gjennom møte med engasjerte aktørar har vi samla innspel, idéar og historier som blir viktige i arbeidet vidare.
Les meir